Garden og bonden
Eg heiter Ingrid og er Hardangerbonden. Eg er utdanna lærar, men sidan 2014 har eg arbeidd som bonde på Sekse. Sekse ligg på austida av Sørfjorden i Hardanger. Her bur eg i lag med Drengen min Bård, Odelsjento Ida og Vetlajento Tuva. Mor mi, Inger bur og på garden.
På garden dyrkar me eple som me vidareforedler til eplemost og sider i det nye sideriet vårt. Sideriet vart bygd i 2021 og ligg midt i tunet. Her skjer alt frå pressing til tapping av eplemost og sider.
Produkta vert kalla opp etter menneske som har eller har hatt ein viktig del i livet mitt. Historia deira kan du lese på baksida av flaska. Dei ulike produkta er laga av reine eplesortar for å framheva kvar eplesort sin unike smak.
Ta gjerne turen innom oss!
Har du lyst å føgje med på arbeidet og livet på garden kan du følgje @hardangerbonden på Instagram.